Multiconsult har utarbeidd detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 mellom Kolltveit og Ågotnes i Fjell kommune. Reguleringsplanen inngår som delprosjekt 3 i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra – Bergen og det nord-sørgåande vegsambandet på Sotra.
Planen opnar for etablering av ny 4-feltsveg mellom Kolltveit og Ågotnes med planskilte kryss på Kolltveit og Ågotnes, tre bruer over vatn og vassdrag, samt miljøtunnel på Ågotnes. Strekninga har ei total lengde på 9,7 km. Utover nye veg- og trafikkareal for køyrande legg planen til rette for betring av gang- og sykkelsystema på Kolltveit og Ågotnes, samt utvikling av tettstaden Ågotnes ved å legge vegen i ein miljøtunnel.
Løsning av oppdrag
I kommunedelplanen frå 2009 var det lagt opp til utbygging av ein 2-feltsveg med midtdelar. På bakgrunn av estimert framtidig trafikknivå er vegen planlagt som 4-feltsveg i tråd med krav i Handbok N100 Veg- og gateutforming. Det er tatt høgde for at ein kan bygge ein 2-feltsveg innanfor regulert areal.
Størstedelen av strekninga går gjennom urørt natur, tur- og beiteområde. Det har difor vore viktig å oppretthalde tverrforbindelsar ved alle bruer og minske store inngrep i terrenget. Det er utarbeida ein formingsrettleiar for å sikre at vegen får ei best mogleg tilpassing til landskap og terreng.
I planarbeidet er det også gjort vurderingar av eksisterande gang- og sykkelvegar på strekninga. Det er regulert nye gang- og sykkelvegar som er kopla til eksisterande gang- og sykkelstruktur på Kolltveit og Ågotnes.
Ein har i planen arbeida med å legge til rette for utvikling av tettstaden Ågotnes. Det er utført alternativsanalyse med vurdering av bru og ulike lengder på miljøtunnel. I planen er det regulert ein langt miljøtunnel som skal redusere vegen som barriere i Ågotnes.
Våre tjenester
- Reguleringsplan
- Vegprosjektering
- Prosjektering av bru og kulvert
- Overvatn- og VA-prosjektering
- Landskapsplanar
- Formingsrettleiar
- 3D-visualisering
- Støy- og lysberekningar
- Vurdering av luftkvalitet
- Geologisk og geoteknisk rapport
- Ytre miljøplan