1/2

Digital kartløysing for innspel | Illustrasjon: Multiconsult

2/2

Systematisering og kopling mot innspel | Illustrasjon: Multiconsult

Kommuneplan Vindafjord

Konfliktanalyse og nettbasert innsending av arealinnspel i PlanGIS-kart

Prosjektet inkluderte utarbeiding av konfliktanalyse som del av KU-arbeidet til kommunen, samt utvikling av ny innspelsløysing i PlanGIS-kart.

Prosjektet var todelt med oppdrag knytt til konfliktanalyse av innspel og utvikling av ei nettbasert innspelsløysing i PlanGIS-kart. Arbeid med konfliktanalyse vart løyst og samanstilling av arealinnspel og utvalde temadata i GIS. Den digitale innspelsløysinga bidrog til å effektivisere planarbeidet, da om lag 1/3 av alle innspel vart sendt inn direkte i kartet. Innspelskartet var ope tilgjengeleg, og synleggjorde mellom anna overlappande arealinteresser.

PlanGIS-kartet vart også brukt som del av høyringsfasen. Samla sett oppfylte oppdraget og det tilrettelagte PlanGIS-kartet plan- og bygningslovas krav om medverknad på ein effektiv og moderne måte.

Løysing av oppdrag

Arealinnspel vart systematisert og analysert GIS i forhold til mogleg konflikt med utvalde temadata. Dette danna grunnlaget for ei grovsiling av arealinnspel for vidare KU-arbeid.

Her vart nokre arealinnspel silt ut, andre justert for å ikkje vere i konflikt med sektorinteresser, eller tatt vidare til fullstendig konsekvensutgreiing.

Ved hjelp av verktøya ArcMap, ArcGIS Server og ArcGIS Online vart det utvikla ein kartfunksjon der publikum kunne digitalisere arealinnspel direkte i kartet. Dette var eit nybrottsarbeid, og resulterte i overraskande mange innspel frå publikum.

I høyringsfasen vart PlanGIS brukt for publisering av arealinnspel med direkte tilgang til KU-dokument knytt til kvart innspel. Innspelshavar og publikum elles kunne i tillegg sjekke grunngjeving for ikkje tilrådde areal, og avstemme dette mot aktuelle temadata.

Våre tenester

  • Systematisering og grovsiling av innspel
  • Utvikling av ny innspelsfunksjon i PlanGIS i samband med innspelsfasen av kommuneplan
  • Publisering av PlanGIS-kart i fase med offentleg høyring