Planområdet er om lag 45,2 dekar stort. Plangrensa går hovudsakleg i vegkant på høgre sida av Fv 734 (retning nord), og omfattar elles nødvendig areal for fyllingsfot/skjering/mur ut mot tilliggjande areal for planlagt framført gang- og sykkelveg. Samstundes regulerer planen eit belte på minimum 3 meter utanfor fyllingsfot/skjering/mur til mellombels anleggsområde.
Prosjektet er initiert av Vindafjord kommune, og skal realiserast som ein del av Haugalandspakken. Ved Håkull er første del av gang- og sykkelvegen lagt som fortau (om lag 200 m), då det her er utbygd tett ved vegen. Fortauet vil framstå som forlenging av allereie eksisterande fortau sør for plangrensa. Det vert føresett at fartsgrensa på 50 km/t gjennom Isvik/Håkull vert vidareført langs den parsellen der det er fortau.
Løsning av oppdraget
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av gang- og sykkelveg langs Fv. 734 på strekninga Håkull – Trovåg.
Gang- og sykkelvegen skal byggjast som del av Haugalandspakken. For å få gjennomføring som del av dette prosjektet er det naudsynt å få rask avklaring på reguleringsspørsmålet, og reguleringsplanarbeidet er derfor initiert av Vindafjord kommune. Arbeid blei gjennomført i tett samarbeid med Statens vegvesen.
Reguleringsplanarbeid bestod av skissefase, førebels planfase, endeleg plan og endringar etter merknader og folkemøte.
Våre tjenester
- Reguleringsplan gang- og sykkelveg
- Etablering av busshaldeplassar
- 3D-modellering av veganlegg
- Deltaking i prosjekterings- og folkemøte