Anlegget Marine Harvest Norway AS har bygd i Fjæra i Etne kommune er plassert i sårbart område, tett opp til nasjonalpark. Multiconsult har vore involvert heilt frå planprosess og fram til ferdig anlegg. Settefiskanlegget er eit kompakt anlegg med avdelingar for klekkeri, startforing og påvekst med 4 sjølvstendige RAS-anlegg.
Anlegget som er bygd, er eit av landets største og mest moderande resirkuleringsanlegg for produksjon av smolt ved hjelp av ferskvatn og sjøvatn. Konsesjon pr. ferdigstilling av anlegget er på 7,5 mill. laksesmolt à 150 g. Ved ferdigstilling utgjer byggningsmassen omlag 6.900 m2 BYA.
Løsning av oppdraget
Multiconsult har utført prosjektering og prosjekteringsleiing med koordinering av alle fag.
Multiconsult utarbeidde også reguleringsplan og har stått som SØK i prosjektet. Anleggsområde strekkjer seg frå Rullestadvatnet til Fjæra kai.
I oppdraget inngår riving av eksisterande anlegg på tomt, oppfyllingsarbeid inklusive rasvoll, ny kai, omlegging av eksisterande veg, ny tilkomstveg og oppgradering av to eksisterande bruer, alle tekniske fag samt arkitektfaga for bygg og prosjektering av akvateknisk prosessanlegg. I akvateknisk prosjektering inngår inntaksarrangement i Rullestadvatnet, dimensjonering av all vann- og fisketransport internt i anlegget og løysing for levering av fisk til brønnbåt. Produksjonsvatnet vert tilbakeført til RAS når fisken vert avsilt i fisketeller og overført til ei eigen transportsløyfe basert på sjøvatn frå brønnbåt.
Våre tjenester
- Reguleringsplan
- Detaljprosjektering og koordinering av prosjektering
- Utarbeiding av anbodsdokument alle fag
- Akvateknisk prosjektering og koordinering
- Håndtering av 3D-modell
- Tverrfagleg kollisjonskontroll