Grieg Seafood utvidar produksjonskapasiteten for settefisk ved lokaliteten Trosnavåg i Bokn kommune, Rogaland. Multiconsult var også involvert i den førre utbygginga på Trosnavåg.
Byggetrinn 2 er nytt postsmoltanlegg med resirkulerings-teknologi (RAS), samt nytt administrasjonsbygg og inntaksanlegg for sjøvatn. Byggetrinn 2 er etablert vegg i vegg med første byggetrinn og består av produksjonshall med 2 identiske RAS-eningar og to separate driftsavdelingar med oppdrettskar.
Hallen har bærande stålsøyler- og fagverk. Dei to RAS-avdelingane er av 300 mm tjukk plass-støypt betong. Kar er produsert i glasfiber. Etasjeskillar av holdekker. Administrasjonsdel er plassert i eige kontorbygg med bærande konstruksjonar av stål, tre og betong. Bygget er plassert i sjøkanten og har eit spenstig arkitektonisk uttryk med store glasflatar og utkraga dekke.
Løsning av oppdraget
Gjennom forprosjekt har Multiconsult saman med oppdragsgjevar og arkitekt lagt premissane for prosjektet. Anlegget ligg plassert nær idylliske sjø-område og tett ved veg. Utbyggar har høgt fokus på estetikk. JK-arkitekt har hatt arbeidet med utforming av hall og bygg samt plassering i landskap. Gjennom forprosjekt vart også detaljerte kostnadsbudsjett for utbygginga etablerte.
Gjennom byggefase har Multiconsult koordinert eksterne rådgjevarar og leverandørar. Multiconsult har også vore ansvarleg for konkurransegrunnlag, anbodsevaluering og kontrahering av entreprenørar samt fylgt opp økonomien for byggherre i oppdraget.
Våre tjenester
- Rådgiving
- Forprosjekt
- Detaljprosjekt
- Byggjeleiing