1/4

Planlagt rundkøyring og kollektivhaldeplass i Frekhaug sentrum | Illustrasjon: Multiconsult.

2/4

Skråfoto Nordhordlandskart

3/4

Snusløyfe for buss ved Sagstad skule | Illustrasjon: Multiconsult.

4/4

Plankart utarbeida av Multiconsult

Frekhaugkrysset – detaljreguleringsplan

Statens vegvesen har på oppdrag frå Vestland fylkeskommune utarbeidd strekningsvise utgreiingar for det overordna fylkesvegnettet. Utgreiingane er eit grunnlag for å prioritere midlar til standardheving m.m. og peikar dermed på trong for tiltak. Tiltak med utbetring av Frekhaugkrysset fv. 564 er eitt av fleire prosjekt i Nordhordlandspakken.

Statens vegvesen har på oppdrag frå Vestland fylkeskommune utarbeidd strekningsvise utgreiingar for det overordna fylkesvegnettet. Utgreiingane er eit grunnlag for å prioritere midlar til standardheving m.m. og peikar dermed på trong for tiltak. Tiltak med utbetring av Frekhaugkrysset fv. 564 er eitt av fleire prosjekt i Nordhordlandspakken.

Resultatmål for reguleringsplanen:

  • Forslag til reguleringsplan klar til 1. gongs handsaming i 2019. Reguleringsplan skal vise tilstrekkeleg areal til gjennomføring av anlegg.
  • Planen skal vise løysingar som legg til rette for bygging av ny løysing for kryss mot fv. 564 og eit godt og samanhengande gong- og sykkelvegnett langsmed fv. 244 og til og frå Frekhaug sentrum inkl. kollektivhaldeplass.
  • Planen må leggje til rette for tiltak i byggesteg, og opne for mellombelse trafikksikringstiltak ved Frekhaugkrysset.

Løsning av oppdrag

Oppdraget er løyst med utgangspunkt i detaljert kartlegging av grunnforhold i kryssområdet og langs fv. 244. Gode data knytt til grunnforhold sikrar eit planforslag for gjennomførbart nytt kryss i Frekhaug sentrum. Reguleringsplanen legg til rette for ny rundkøyring, etappevis utbetring av fylkesvegen, sanering av fleire eksisterande avkøyrsler og etablering av nye felles tilkomstvegar. Målet er m.a. å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande mellom sentrum og Sagstad skule / Meland aktiv.

Planen legg til rette for nytt kryss kopla til eksisterande vegnett i sentrum og til framtidig sentrumsstruktur. Dagens kollektivhaldeplass kan oppretthaldast saman med eksisterande vegstruktur i eit fyrste byggetrinn. Planforslaget har regulert areal til kollektivhaldeplass som kan handtere 3 samtidige busser i trafikk, løysing tilpassa framtidig sentrumsstruktur.

Ved Sagstad skule er det regulert for snusløyfe, areal-formål kollektivhaldeplass.

Våre tjenester

  • Oppdragsledelse
  • Planbeskrivelse
  • Planbestemmelser
  • Illustrasjoner og tekniske tegninger
  • ROS-analyse
  • Støyrapport
  • VA-rammeplan
  • Landskapsplan
  • Rigg- og marksikringsplan
  • Innspill til Ytre Miljøplan