Varsel om utvida planområde for oppstart av reguleringsplan for del av sentrum søraust, Førde

I samsvar med Plan- og bygningslova §12-8 vart det 07.12.16 varsla igangsetjing av reguleringsplanarbeid for Hafstadvegen 44 og 46 og Fjellvegen 9 i Førde kommune. Det vert no varsla utviding av planområde slik at Hafstadvegen 48 vert med i planarbeidet.

Utvidinga er på ca. 4 daa. Kunngjeringa i 2016 stod Opus Bergen AS for, men no har Multiconsult Norge AS teke over som konsulent.
Forslagstillarar er Fokusgården utvikling AS, Hjelmelandsgården AS og Hafstadgården AS.

Føremålet med planen er å leggje til rette for ei vidareutvikling av eigedomane Hafstadvegen 44, 46, 48 og Fjellvegen 9. Det er aktuelt med nybygg og å bygge på eigedomane med fleire høgder. Målet med utvidinga er å inkludera Hafstadvegen 48 (Hafstadgården), for å tenkja heilskap i området langs Hafstadvegen og Fjellvegen. Planen har samstundes fått nytt namn; Del av sentrum søraust, Førde.

Det er aktuelt både med kontorføremål, bustadføremål, tenesteyting, forretning og anna som høyrer heime i sentrum.

Planområdet er ca. 15 daa stort, og ligg i Førde sentrum. I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til sentrumsføremål. Planområdet er delvis regulert til sentrumsføremål og til kombinert føremål bustad, forretning, kontor. Deler av planområdet er uregulert.

Det er halde oppstartsmøte med Førde kommune 02.11.17, og området er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova §4-1 og 4-2 og konsekvensutgreiingsforskrifta.

Planområdet er vist i vedlagt kartutsnitt, med skravur på utvidinga. Planområdet omfattar no heile eller delar av følgjande eigedommar: gnr./bnr. 61/189, 61/97, 61/28, 61/10, 61/19, 61/192, 61/169 og 61/207.

Multiconsult Norge as er plankonsulent og utarbeider planframlegget.
Spørsmål til reguleringsplanarbeidet kan rettast til Multiconsult Norge as v/ Heidi Havelin tlf. 55623341 eller Øyvind Skaar tlf. 53013632.

Merknadar/kommentarar til utviding av planområde og planoppstart kan sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge as, v/ Heidi Havelin, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun, eller e-post: heidi.havelin@multiconsult.no innan 07.02.18