Varsel om oppstart av planarbeid for et Solnutane, et hytteområde for inntil 50 nye hytter

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla om at reguleringsplanarbeid vert sett i gang for Solnutane eit hytteområde på Reime i Voss kommune.

Reguleringsplanen vert utarbeidd av Multiconsult på vegne av Solnutane AS.

Intensjonen med planarbeidet er å leggje til rette for:

  • 50 hytter tilpassa terreng i øvre del av planområdet
  • Vinterveg til hytter / hyttetun frå fv.307
  • Høgdebasseng/borhol for vasstilførsel, ved Tverrandelvi
  • Privat avlaupsanlegg, med reinseanlegg og utslepp til Brekkeelvi
  • Utfartsparkering/turparkering
  • Område til næringsbygg ( ma. for trakkemaskin)
  • Mindre område for uttak av faste massar til opparbeiding av veg og infrastruktur, og som vert ferdigstilt som landbruksområde
  • Areal til mogleg trase for Sverresløpet, del av grønstruktur

 

bilde

Figur 4, Prinsipp for planutforminga
Merknaden må ha avsendar og vise til gnr/bnr og helst innteikna på kart om det er merknad/informasjon knytt til særskild stad innspelet gjeld. I forbindelse med oppstart til planarbeidet er det særleg omsyn som de meiner planarbeidet bør ta stilling til, som er viktig å få fram.Vi ber om at merknader og innspel til planarbeidet har overskrift Merknad planoppstart Solnutane.
Mottekne merknader og innspel vil verte vurdert ved utarbeiding av forslag til reguleringsplan.

Sidan planarbeidet har fleire forslag til vegløysingar til hytteområdet er det også ynskjeleg å få tilbakemeldingar knytt til vegalternativa.

 Når det er utarbeidd forslag til reguleringsplan med plankart og føresegner, vil reguleringsplanen verte lagt ut til offentleg ettersyn. Naboar og berørde partar vil ved offentleg ettersyn få høve til å uttale seg konkret til planforslaget

Kunngjeringa av oppstart av planarbeid vil også bli lagt ut på Voss kommune sine heimesider: http://www.voss.kommune.no/nyhende/kunngjeringar/

Dersom det er spørsmål knytt til varslinga om planoppstart, kan spørsmål om Solnutane hytteområde rettast til Torgeir Reime, mobil nr 917 99 463.

Eventuelle merknader/kommentarar til det planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult ASA, v/ Toril Amundsen, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN, eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no innan 19.08.2016.