Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid og høyring av planprogram for uttak av Stein i Bremanger kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og §12-9 varslar Multiconsult ASA på vegne av Bremanger Q oppstart av planarbeid med konsekvensutgreiing for eigedomane, gnr/bnr 78/7, 76/2, 76/5 m. fleire.

planvarslingskart_a3-liggende

Formålet med planen er å legge til rette for etablering av steinbrot, med tilhøyrande anleggareal og utskipings areal for transport. Planlagt uttak er ca. 500 millionar tonn. Areal til steinbrot er om lag 1000 da. Området er i gjeldande kommuneplan vist som landbruk, natur- og friluftsområde og delar av planområdet er merka «Mineralførekomst, pukk».

Forslag til planprogrammet er lagt ut på nettsidene til Bremanger kommune og Multiconsult: www.bremanger.kommune.no og www.multiconsult.no/aktuelt/kunngjoringer. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte med brev.

Merknader eller innspel til planarbeidet kan rettas til Multiconsult AS ved Solveig Renslo, Solveig.Renslo@multiconsult.no eller tlf. 90 167167. Merknadar kan også sendast til: Multiconsult ASA ved Solveig Renslo, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun.

Høyringsperiode er frå 18.10. til 30.11.2016. Siste frist for merknadar er 30.11.2016.

Ansvarleg mynde er Bremanger kommune som fastset det endelige planprogrammet. Det vert nytt høve til å gi uttale når forslag til reguleringsplan kjem på høyring.