Bremnes Fryseri er forslagsstillar, og Multiconsult Norge AS er utførande konsulent. Det er
gjennomført oppstartsmøte med Bømlo kommune 05.mai 2017.
Planområdet omfattar gnr./bnr. 100/2 m.fl, og er 101,4 daa stort. Planområdet er lokalisert i
Kvernavika, Økland i Bømlo kommune.
Føremål med planarbeidet
Bremnes fryseri treng meir areal for utviding av eksisterande produksjonsanlegg. Prinsippsøknad for oppstart av planarbeidet er vedteke i utval for areal og samferdsel 06.09.2017 i sak PS 87 /17. Ein ynskjer å leggja til rette for større næringsareal, utviding av eksisterande kai og utbetring av avkøyrsle med meir. Planområdet omfattar heile eller delar av 3 eksisterande reguleringsplanar, samt tre område regulert i kommuneplanen. I søknaden har ein definert 5 område innanfor
planområdet som ein ynskjer endring og etablering av nye tiltak på. Resten av planområdet vert i ny plan regulert som i dag, med føremål etter dagens plan-og bygningslov. Vedtak og
saksutgreiing av prinsippsøknad med vedlegg ligg ved.
Vurdering av planarbeidet
Planarbeidet er vurdert i høve til konsekvensutgreiingsforskrifta, og Bømlo kommune vurderer at det ikkje er naudsynt med planprogram og konsekvensutgreiing. Bakgrunnen for dette er blant anna at detaljreguleringa legg opp til mindre enn 15 daa nytt næringsareal.
Sjølv om det ikkje skal gjennomførast konsekvensutgreiing etter forskrifta, skal det gjerast ei
grundig vurdering av konsekvensane. Planarbeidet skal mellom anna sjå nærare på konsekvensar for samferdsle og infrastruktur, strandsone, friluftsliv, landskap, kulturminne og støy/forureining.
Merknader
Merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge AS
Kunnskapshuset
Sæ 132
5417 Stord
Att. Øyvind Skaar
Eller elektronisk til: oyvind.skaar@multiconsult.no
Frist for innsending av merknad: 27. oktober 2017 (6 veker)
Vidare saksgong
Etter at merknadsfristen er ute, vil Multiconsult utarbeide planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Planframlegget vil bli handsama av B0mlo kommune ved politisk utval som vedtek utlegging til offentleg ettersyn. Det vil da òg bli høve til å kome med merknader til
planframlegget før vidare politisk handsaming.