Planarbeidet er sett i gang av Kvinnherad kommune og planleggingsarbeidet utførast av Multiconsult ASA.
Formålet med planen er trafikksikring og å regulere ny gang- og sykkelveg langs fylkesveg 48 i Herøysund. Intensjonen med planen er å betre trafikktryggleiken for gåande og syklande i området. Planen vil legge til rette for utbetring/ etablering av nye busslommer. Planen vil få betydning for avkøyrsler og andre rettar knytt til areala.
Planen utløyse ikkje krav om konsekvensutgreiing. Planskildringa skal vurdere verknadar av planframlegget.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
Eventuelle kommentarar/ merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult ASA v/Heidi Havelin, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post heidi.havelin@multiconsult.no innan 15.08.2017.