Forslagsstillar er Atle Tranøy på vegne av Tranøyneset vel, og planfagleg konsulent er Multiconsult Norge AS avd. Stord.
Føremålet med reguleringsendringa er å endra føresegna i gjeldande plan slik at det vert opning for etablering av vassklosett med avlaupsleidning i sjø. Terrengtilhøva på staden tilseier at det ikkje er mogleg å få til ei felles avlaupsløysing for heile planområdet, men som del av reguleringsendringa vil ein sjå på fellesløysingar for mindre delområde. Det vil verta utarbeidd ei skildring av endringa sin påverknad på blant anna naturmangfald, landskap og kulturminne. Tiltaket vert i tillegg vurdert i høve til aktuelle forskrifter og kommunal VA-norm. Det vert ikkje gjort endringar i gjeldande plankart.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle kommentarar/ merknader til reguleringsendringa skal sendast skriftleg til: Multiconsult Norge AS, avd. Stord v/Øyvind Skaar, Sæ 132, 5417 Stord eller e-post oyvind.skaar@multiconsult.no innan 13.april 2018
Spørsmål om reguleringsendringa kan rettast til:
Multiconsult Norge AS v/Øyvind Skaar, tlf. 46 90 61 46.