Reguleringsplanen for Oksneset skal leggje til rette for etablering av eit landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande verksemd. Med utviding av planområdet legg ein til rette for masseuttak på utvida område og ein framtidig næringsetablering med landbasert oppdrettsanlegg. Endringa av reguleringsplanen skal også leggje til rette for at det kan etablerast verksemd som kan ta imot avfall frå fiskeanlegget for matlarveproduksjon.
- Område 1; fyrste byggjetrinn for landbasert oppdrettsanlegg. Omfattar pilotbygg i hht til konsesjon frå Mattilsynet.
- Område 2; andre byggjetrinn for landbasert oppdrettsanlegg når område 3 er planert til kote +3.
- Område 2 og 3 er framtidige areal til landbasert oppdrettsanlegg.
- Område 4 er bandlagt byggjeforbodssone under kraftledning.
- Område B er areal for framtidig næringsutvikling sett saman med område A
(areal til anna næringsetablering, mottak av avfall frå oppdrettsanlegg for larve / algeproduksjon)
Planarbeidet er vurdert til å ikkje krevje konsekvensutgreiing.
Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Øygarden kommune si nettside. Frist for uttale til planarbeidet er set til 06. desember 2019.
Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult:
v/Toril Amundsen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun
Eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no
Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til:
Toril Amundsen, tlf. 55 62 33 75.
Se video om oppdrettsvirksomheten på Oksneset.