Føremålet med varslinga er å informere om nytt areal som skal inkluderast i planarbeidet. Bakgrunn for utviding av planområdet er at det ved varsel om oppstart av 15.02.19 kom krav frå Fylkesmannen i Vestland om at reguleringsplanen også må omfatte akvakulturområdet på Saltkjelen II.
Ved regulering av Lausanakken til akvakulturområde skal Saltkjelen II takast ut som planavklart lokalitet.
Opprinneleg varslingsområde er ca. 3578 dekar. Utvida planområde ved Saltkjelen II er ca. 155 daa. Totalt utgjer planområda samla ca. 3733 daa.
Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Jondal kommune si nettside.
Frist for uttale til varsel om utvida planområde er set til 14. mai 2019.
Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult
v/Vigdis Berge
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun
Eller e-post: vigdis.berge@multiconsult.no.
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:
Vigdis Berge vigdis.berge@multiconsult.no
Eller
Geir Magne Knutsen geir-magne@seashore.no