Varsel om oppstart av reguleringsplanarbei – Detaljreguleringsplan for Keilevegen næringsområde, Mongstad

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9 blir det med dette varsla om at reguleringsplanarbeid er sett i gang for Keilevegen Næringsområde, Mongstad, i Lindås og Austrheim kommunar.

Tiltakshavar er Mongstad Vekst AS og planleggar er Multiconsult ASA.
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for industriområde samt vern av grønstruktur langs Keilesundet. Planområdet er om lag 956 daa og avgrensa som vist på kartet ovanfor. Endeleg planavgrensing blir fastsett i løpet av planarbeidet.

Planforslaget er i samsvar med overordna plan og skal difor ikkje konsekvensutgreiast.

Merknadar og innspel blir vurdert ved utarbeiding av detaljreguleringsplan. Planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Mer informasjon om planarbeidet kan du finne i vedlagt varslingsbrev.
Naboar og grunneigarar blir varsla direkte. Eventuelle kommentar/ merknader til det igangsette planarbeidet sendast skriftleg til:

Multiconsult ASA v/Bent Stensaker, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN eller e-post bent.stensaker@multiconsult.no innan 02.10.2015.

Spørsmål vedkomande reguleringsarbeidet kan stillast til: Multiconsult ASA v/Bent Stensaker tlf.: 55 62 33 60