Varsel om oppstart av reguleringsplan – Trosnavåg settefiskanlegg

Iht. plan- og bygningsloven § 12-8 (og § 12-9) vert det no varsla oppstart om arbeid med reguleringsplan «Veg og kai Trosnavåg» for deler av eigedommen gnr/bnr. 23/1, i Bokn kommune (planID: 201701).

Tiltakshavar er Grieg Seafood Rogaland AS og plankonsulent er Multiconsult ASA.

Tiltaka i planområdet er knytt til settefiskanlegget til Grieg Seafood Rogaland AS. Planområdet inkluderer areal for ny tilkomstveg fram til eksisterande og framtidig kai. Avgrensinga av planområdet grensar inntil eksisterande reguleringsplan for Trosnavåg settefiskanlegg.

Planen vert vurdert til å ikkje krevja konsekvensutgreiing.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Eventuelle kommentarar eller innspel til planarbeidet

Eventuelle kommentarar/ innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult ASA v/ Øyvind Skaar, Sæ 132, 5417 Stord eller e-post oyvind.skaar@multiconsult.no innan 01.03.2017.

Spørsmål kan rettes til

Multiconsult ASA v/ Øyvind Skaar, oyvind.skaar@multiconsult.no