Varsel om oppstart av planarbeid og høring av planprogram – Kvernhusvika akvakulturområde

Iht. plan- og bygningsloven § 12-8 (og § 12-9) vert det no varsla om at det er satt i gong arbeid med reguleringsplan «Detaljregulering for Kvernhusvika akvakulturområde (PlanID 1259 2016 0005)» for eigedommen gnr/bnr. 34/379 mfl., på Toftøy, i Øygarden kommune. Planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn/høring.

Tiltakshavar er «Vik Settefisk» og forslagsstiller er Multiconsult ASA.

Vik Settefisk ønskjer i samband med auka konsesjon å utvida eksisterande settefiskanlegg i Kvernhusvika i Øygarden kommune. Planarbeidet omfattar eksisterande settefiskanlegg med privat tilkomstveg frå Fv.561, og område for framtidig kai.

Planforslaget skal konsekvensutgreiast. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Eventuelle kommentarar/ merknader til planprogrammet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult ASA v/Øyvind Skaar,

Kunnskapshuset,

Sæ 132,

5417 Stord

eller e-post oyvind.skaar@multiconsult.no innan 20.03.2017.

Spørsmål angåande reguleringsarbeidet kan stillast til:

Multiconsult ASA v/ Øyvind Skaar, Tlf: 90517598