Planområdet utgjer om lag 289 daa, med ei avgrensing som vist på kartutsnittet under.
Føremålet med planen er å leggja til rette for utviding av settefiskanlegget på Trovåg, mellom anna for å kunne ha fisken lengre på land før han vert sett ut i sjø.
Det er ynskjeleg å utvide næringsområdet nordover, til eit område som er vist som LNF i kommuneplanen for Vindafjord.
Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU) og planprogram.
Tiltakshavar er Bremnes Seashore, og utførande konsulent er Multiconsult. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
Eventuelle innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til oyvind.skaar@multiconsult.no,
eller i brev til:
Multiconsult Norge AS avd. Stord
Kunnskapshuset, Sæ 132
5417 Stord
Merk: «Øyvind Skaar – Trovåg»
Frist: 25. oktober 2018