Formålet med planarbeidet:
Formålet med planarbeidet er å detaljplanlegge for frittliggjande fritidsbustader og utleigehytter for del av områdeplanen for Voss Hyttegrend, PlanID 4621_12352012006.
I Skutlesåsen er det fire felt som det i gjeldande områdeplan er krav om å utarbeide detaljreguleringsplan for. I forslag til detaljplan er formålet å justera gjeldande områdeplan si plassering av framtidige 65 frittliggjande fritidstomter.
I detaljreguleringsplan vil ein planlegge fritidsbusetnaden i øvre del av Skutlesåsen og slik ivareta landbruksareala.
Områdeplanen opnar for inntil 72 utleigeeiningar, same tal som vert lagt til grunn for detaljplanforslaget. Utleigeeiningane er utover kva som låg til grunn for området i kommuneplanen.
Det også krav om detaljreguleringsplan for områda regulert til utleigehytter. Kommuneplanen sine føresegner set krav om utbyggingsavtale knytt til utleigehyttene.
KU-vurdering:
Det er vurdert at tiltaket ikkje er konsekvensutgreiingspliktig i medhald av Forskrift om konsekvensutgreiingar.
Merknader:
Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast per e-post til: toril.amundsen@multiconsult.no
Frist for uttale til planarbeidet er sett til 27. august 2019.
Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til:
Toril Amundsen, tlf. 55 62 33 75