VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR MUSTADBAKKEN, GBNR. 40/1 M.FL., KNARREVIK, ØYGARDEN KOMMUNE

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-1 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetting av privat detaljreguleringsplan for Mustadbakken, gbnr. 40/1 m.fl., Knarrevik i Øygarden kommune. Forslagsstillar er Sigba Eiendom AS, HLM Arkitekter er arkitekt og Multiconsult Norge AS er plankonsulent. PlanID: 20220001. Kommunens sitt saksnummer er 21/25967. Varsla planområde er ca. 61,2 dekar.

Planområdet
Planområdet er lokalisert på Knarrevik på Litlesotra, like sørvest for Sotrabrua i Øygarden kommune. Planområdet er del av eit etablert industriområde med røter tilbake til 1905 då Knarrevik Olje- og Fodermelfabrikk starta. Forslagsstillar eig områda og leiger areala ut til leigetakarar som driv innan avfallshandtering med lagring og sortering av avfall. Planområdet har god tilkomst frå riksveg 555, og vil med det nye Sotrasambandet som kjem sør for planområdet, også få effektiv tilkomst til riksvegen. Terrenget heller frå vest til aust, og dei eksisterande tiltaka er godt eksponert frå sjø og Sotrabrua. Området er ISPS-regulert, som betyr at området er inngjerda og utilgjengeleg for allmenta. +

Planstatus
I gjeldande arealdel til kommuneplanen (KPA) vedtatt i 2015 er det meste av planområdet avsett til næringsformål og mindre deler er avsett til LNF, samferdselsanlegg og hamn. Av planomtalen til KPA går det fram at det er ein kommunal målsetting om at næringane skal halde fram med å utviklast i takt med området elles. Området er omfatta av omsynssone kulturmiljø knytt til industrietableringa tidleg på 1900-talet. Føresegnene til KPA har krav om at tiltak skal utformast og lokaliserast slik at dei sikrar kulturmiljøet knytt til Øygarden si tidlegare industrihistorie.
Kommunen er i gang med kommunedelplan for Knarrevik der bakgrunnen for planarbeidet er å avgrense tiltak i industriparken som kan gje auka risiko for samfunnskritisk infrastruktur som omfattar dagens Sotrabru, nytt Sotrasamband med vassforsyning, straumforsyning og trafikk. Kommunen har stilt føringar om at kommunedelplanen må vere vedtatt før reguleringsplanen for Mustadbakken.
Planområdet grensar til områdereguleringsplan for Rv 555 Sotrasambandet parsell Kolltveit-grense Fjell/Bergen kommune.

Formålet med planarbeidet
Formålet med planarbeidet er å rydde opp i området visuelt, estetisk og når det gjeld forureining i grunnen. Det er også eit mål om å effektivisere og betre tilhøva for dagens drift slik at verksemdene kan utviklast miljøvennleg og framtidsretta. Dette skal gjennomførast gjennom riving av eksisterande bygg og ved å legge til rette for nye bygg som samsvarar med teknisk forskrift, svarar til industriens behov og utvikling i takt med samfunnet elles.

Det er planlagt at dei nye bygga får ei heilskapleg arkitektonisk utforming med fargeskala som tar utgangspunkt i Sigba Eiendom AS sitt nye administrasjonsbygg. Det skal søkast gjenbruk av bygningsmateriale, og bygga skal ha innslag av bevarte moment for ei historiefortelling og bevaring av stadens identitet.

Vurdering av krav om konsekvensvurdering
Planforslaget er av Øygarden kommune vurdert til å utløyse krav om konsekvensutgreiing iht. Forskrift om konsekvensutredning § 8 a for tema skred, kulturmiljø og forureining.

Merknader til oppstartsmeldinga
Varseldokumenta og referat frå oppstartsmøtet med Øygarden kommune kan lesast på Øygarden kommune si nettside

Merknader til planarbeidet kan sendes skriftlig til:

Multiconsult Norge AS
Seksjon for areal og utredning
v/ Lise Marie Laskemoen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun
E-post: liml@multiconsult.no

Frist for å kome med merknadar er 16. mars 2022.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune, då dette blir tatt hand om samla av Multiconsult. Alle mottatte dokument, merknadar og liknande blir sendt kommunen saman med planforslaget.
Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan stillast til:
Multiconsult Norge AS v/Lise Marie Laskemoen på e-post liml@multiconsult.no eller telefon 55623331 eller
Multiconsult Norge AS/Tom Arne Olsen på e-post tom.arne.olsen@multiconsult.no eller telefon 55623762.

Videre saksgang
Etter at merknadsfristen er ute vil planforslaget med konsekvensutgreiing bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for saksbehandling. Etter første gangs behandling i kommunen blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Øygarden kommune vil då varsle naboar, offentlege instansar og andre interessentar direkte, og det vil vere mogleg å kome med merknadar til sjølve planforslaget før vidare kommunal behandling. Planforslaget vil etter offentleg ettersyn bli saksbehandla i kommunen før det sluttbehandlast politisk i kommunestyret.