Varsel om oppstart av planarbeid for Lausanakken, Jondal kommune

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla at Bremnes Seashore AS har igangsatt planarbeid med mål om å etablere akvakulturanlegg ved Lausanakken i Jondal kommune. Planen vert utforma som ei detaljregulering. Bremnes Seashore AS er tiltakshavar. Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Forslagsstillar driv i dag oppdrett av laks og aure ved Saltkjelen II, kor dei har løyve etter akvakulturlova. Forslagstillar ønskjer å flytte lokaliteten frå Saltkjelen II til Lausanakken, begge i Jondal kommune.

Bremnes Seashore AS ønskjer å flytte lokaliteten til Lausanakken av fleire årsaker:
• Større areal på lokalitet vil bidra til at ein kan etablere eit driftssikkert og teknisk oppdatert anlegg som også vil gje betre miljø for fisken.
• Lokaliteten er forventa å ha gode driftsmessige tilhøve med tanke på straumtilhøve.
• Lausanakken ligg i større avstand til andre anlegg enn Saltkjelen II og ligg på ytterkant mot fjorden og er difor betre med omsyn til smittespreiing.

Formålet med reguleringsplanarbeidet er å regulere tilstrekkeleg areal i sjø til ein oppdrettslokalitet.


Varsla planområde er vurdert ut frå behov for areal til fortøyingar av anlegget.

Planen sine tiltak er vurdert til å utløyse krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 og forskrift om konsekvensutgreiingar. Det er ikkje krav om planprogram etter § 10.

Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Jondal kommune si nettside.

Frist for uttale til planarbeidet er set til 15. mars 2019.
Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Multiconsult
v/Vigdis Berge
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Eller e-post: vigdis.berge@multiconsult.no.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til:

Vigdis Berge vigdis.berge@multiconsult.no

Eller

Geir Magne Knutsen geir-magne@seashore.no