Planområdet
Planområdet ligg langs hovudvegen Rv. 5, Fjærlandsvegen, på sørsida av Sogndalselvi i Sogndal. I gjeldande kommuneplan sin arealdel 2013-2023 er planområdet avsett til næringsverksemd og grønstruktur-friområde. I gjeldande områdeplan for Fosshaugane Campus, plan ID 1420-2016011, er planområdet regulert til drivstoffanlegg, gang- og sykkelveg, køyreveg og annan veggrunn – tekniske anlegg.
Formålet med planarbeidet
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for ein Uno-X automatstasjon for sal av drivstoff i tråd med gjeldande områdeplan for Fosshaugane Campus. Uno-X er ei kjede av sjølvbetente bensinstasjonar i Danmark og Noreg. Bensinstasjonen er planlagt til å ha ei pumpe (Light-konsept) og ein enkel vaskehall. Tilkomst til bensinstasjonen er planlagt frå søraust i ny avkøyrsle frå Avsølevegen. I tråd med gjeldande områdeplan vil gang- og sykkelveg på sørsida av Rv. 5 Fjærlandsvegen inngå i planen.
KU-vurdering
Sogndal kommune som ansvarleg mynde har konkludert med at tiltaket ikkje er konsekvensutgreiingspliktig i medhald av Forskrift om konsekvensutgreiingar.
Merknadar
Merknadar til planarbeidet sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge AS v/ Linnea Kvinge Karlsen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun
eller e-post: LKK@multiconsult.no innan 11. mars 2021.
Spørsmål om planarbeidet kan stillast til:
Multiconsult Norge AS v/ Linnea Kvinge Karlsen på e-post eller tlf. 55 62 33 59.