Forslagstiller er Bane NOR. Multiconsult Norge AS er plankonsulent.
Formålet med planen er tilrettelegging av Evanger stasjon for ein ny type togsett som er lengre enn noverande togsett. Planen sine tiltak inneber nye, lengre plattformar, bygging av overgang ved stasjonen og bruk av areal til mellombels rigg og anlegg.
Varsla planområde omfattar stasjonsområdet, eksisterande jernbanespor samt tilgrensande eigedomar, og er avgrensa ved Velesvegen i sør og Hernesvegen og elv i nord. Det skal ikkje gjerast inngrep i elva. Planområdet kan verta redusert i forslag til reguleringsplan.
Planen sine tiltak utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar.
Varseldokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Voss kommune si nettside:
http://www.voss.kommune.no/aktuelt-og-kunngjeringar/kunngjeringar/
Dokumenta vil også ligge tilgjengeleg i Servicetorget på Voss Tinghus. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
Kommentarar og merknadar til planarbeidet skal innan 8. juni 2018 sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge AS v/ Linnea Kvinge Karlsen, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post:
linnea.kvinge.karlsen@multiconsult.no
Spørsmål til reguleringsarbeidet kan stillast til:
Multiconsult Norge AS v/ Linnea Kvinge Karlsen, tlf.: 951 53 748.