Forslagsstillar er Sundbo Eiendom AS og Multiconsult Norge AS er plankonsulent.
Varslingsområde
Varslingsområdet omfattar primært eigendomene gnr. 50, bnr. 269 og del av eigedomen gnr. 50, bnr. 57 i Sund kommune og del av eigedomen gnr. 1, bnr. 2 i Fjell kommune, og er ca. 112 daa.
Planområdet ligg heilt nord i Sund kommune ved Skogsskiftet, kommunesenteret i Sund kommune.
Gjeldande reguleringsplan for området er Skogsskjenet bustadområde, planID 1245-20150001, vedtatt i kommunestyret 18.10.2016 og som i dag er ubygd. Det er berre sørvestre del av gjeldande plan som vert endra, resten vert gjeldande som den er.
Formål med planarbeidet
Målet er å omregulere sørvest del av gjeldande reguleringsplan med ei tettare utbygging, truleg med blokkar, konsentrerte småhus og rekkjehus. Grønstrukturen og tilkomstløysingane skal og vurderast, samt justering av tilkomstveg til bustadane i vest. Arbeidet og løysingane skal tilpassast slik at ein mindre del av bustadområdet kan byggast ut etter gjeldande plan før endringa er vedteken.
Det er ynskjeleg å lage ein mindre bilbasert plan, som skaper gode bumiljø for eldre og folk i etableringsfasen. Førebels idear for grøntområda er ein sentral og gjennomgåande park med vasspegel og tre, turstiar ut i utmarka og møteplassar i tilrettelagde fellesareal. God tilgang til sentrum for gåande og syklande er og viktig.
Naboer og grunneiere vert varsla direkte.
Eventuelle kommentarar og merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge AS v/ Torunn Åsheim, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post: torunn.asheim@multiconsult.no innan 27.01.2020.