Varsel om oppstart av planarbeid for Dale stasjon, Vaksdal kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Multiconsult Norge AS på vegne av Bane NOR om oppstart av detaljregulering for Dale stasjon i Vaksdal kommune, planID: 2018001.

Forslagstiller er Bane NOR. Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Formålet med planen er tilrettelegging av Dale stasjon for ein ny type togsett som er lengre enn noverande togsett. Planen sine tiltak inneber plattformforlengingar, bygging av overgang eller undergang ved stasjonen og bruk av areal til mellombels rigg- og anlegg. I tillegg vert det planlagt for regulering av gang- og sykkelveg ved nedlagt BKK-spor langs Sandlivegen.

Varsla planområde omfattar i hovudsak stasjonsområdet og jernbaneareal til og med bru ved Dalevegen i vest og Bråtet i nord. I tillegg er det teke med areal ved Kalvekroken i sør for å kunne sikre regulering av eventuelle nye tilkomstar. Ved alle kryss er det teke med areal for regulering av frisiktsoner. Planen kan medføre endra tilkomstvegar og rettar knytt til regulerte areal.

Planen sine tiltak utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar.

Varseldokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Vaksdal kommune si nettside

http://www.vaksdal.kommune.no/hoeyring-og-kunngjering.342798.nn.html

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Kommentarar og merknadar til planarbeidet skal innan 15. juni 2018 sendast skriftleg til:

Multiconsult Norge AS v/ Linnea Kvinge Karlsen, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun eller e-post:

linnea.kvinge.karlsen@multiconsult.no

Informasjonsmøte:

Det inviterast til eit ope informasjonsmøte på Heradshuset i Dale tysdag 22. mai kl. 18.00.

Alle som ynskjer informasjon om planarbeidet er hjarteleg velkomne!