Varsel om oppstart av mindre endring eller reguleringsendring av reguleringsplan for Bolstadsøyri stasjon, PlanID: 09006, Voss kommune

I medhald av plan- og bygningslova, §§12-8 og 12-14 vert det med dette varsla at det er satt i gang arbeid med mindre endring eller reguleringsendring av gjeldande reguleringsplan for Bolstadøyri stasjon, planID: 09006 i Voss kommune.

Bakgrunnen for planendringa er pågåande detaljprosjektering av Bolstadøyri kryssingsspor. Det er gjort vurderingar som medfører behov for endring av den gjeldande planen. Multiconsult Norge AS utarbeider planforslaget på vegne av forslagsstiller Bane NOR.

Etter plan- og bygningslova § 17-4 vert det samstundes varsla oppstart av forhandlingar om ein utbyggingsavtale mellom Voss kommune og Bane NOR for gjennomføring av planen. Utbyggingsavtalen handterast som ein eigen prosess.

Planområdet:

Figur 0‑1: Varsla planområde. Avgrensinga er den same som for gjeldande reguleringsplan.

Endringsbehovet omfattar endring av plankart og føresegner. Det vert føreslått endring i plankartet i form av sporplassering, høgde og retning på ny vegbru, fortau over ny vegbru er tatt ut, samt justering på kryssløysing mellom vegbru og eksisterande veganlegg i sør. Omsynssoner vert føreslått endra etter endringane i arealformål. Mellombelse rigg- og anleggsområder vert tatt inn i plankartet. I føresegnene vert det føreslått tilføyingar som sikrar miljø og vassdrag samt justeringar etter endringane i plankartet.

For detaljert skildring av dei føreslåtte endringane og konsekvensane av desse visast det til vedlagte nye planomtale som er utarbeidd for planforslaget. Sjå også vedlagte plankart og føresegner til gjeldande plan og forslag til endring, samt oppdatert og endra ROS-analyse. I tillegg er det lagt ved fleire rapportar som underbyggar dei vala som er tatt i planarbeidet:

  • KU Biologisk mangfold og fiskebiologi (Rådgivende biologer AS 2010)
  • Konsekvenser for flomfare (BOL-00-A-10200, Multiconsult 2019)
  • Flomberegning for Rasdalselvi (BOL-00-A-10019, Multiconsult 2018)
  • Fiskebiologiske anbefalinger i forbindelse med utvidelse av jernbanelinja ved Bolstad stasjon, Voss kommune (NORCE 2019)
  • Støyrapport for driftsfasen (BOL-00-A-10011, Multiconsult 2017)

Innspel til planarbeidet:
Offentlege mynde, grunneigarar, naboar og andre partar vert varsla med dette brevet. Planarbeidet vert også kunngjort i Avisa Hordaland.

Vidare inviterast det til et ope informasjonsmøte på Bolstadøyri grendahus torsdag den 5. september kl. 18.00. Alle som ynskjer informasjon om planforslaget er hjarteleg velkomne!

Innspel og merknader til planarbeidet må sendast skriftleg innan 23.09.2019 til:
Multiconsult, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN, eller på e-post til Linnea Kvinge Karlsen: Linnea.Kvinge.Karlsen@multiconsult.no

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen er ute vil dei merknadane som har kome inn verte handsama og eventuelle endringar gjerast i planforslaget. Dei mottatte innspel og merknader vert sendt til planavdelinga i Voss kommune for vurdering av vidare saksgang. Dersom det ikkje kommer fram vesentlege merknadar eller innvendingar til planforslaget, vil saken verte behandla som ei mindre endring. Det inneberer at planforslaget ikkje vert lagt ut på ny høyring før endeleg vedtak.
Dersom planen må takast som ei vanlig reguleringsendring vil forslag til reguleringsplan verte sendt til Voss kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.