Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Grøn omstilling av Mongstad, gbnr. 127/91 mfl. PlanID. 46312020006, og høyring av tilhøyrande planprogram

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-1 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetting av privat detaljregulering for Grøn omstilling av Mongstad, gbnr. 127/ 91 m.fl., plan-ID 46312020006, i Alver kommune.

Forslagsstillar er Asset Buyout Patners og Mongstad Eiendomsselskap AS, og Multiconsult Norge AS er plankonsulent. Planområdet er avgrensa som vist i varselkart, og er 1627 daa.

Planområdet er del av Mongstad Storhamn og Mongstad raffineri-område, og ligg nordaust på Lindåshalvøya, hovudsakeleg i Alver kommune. Ein mindre del av planområdet ligg aust i Austrheim kommune.

Planområdet inngår ikkje i gjeldande kommuneplan for Alver kommune. Overordna gjeldande plan er difor kommunedelplan for Lindåsneset – Mongstad der planområdet er sett av til næring, hamn og sjø. Sørlegaste del inngår i kommuneplan for Austrheim 2019-2029, men det er ikkje sett av formål for området. Planområdet inngår i 3 gjeldande reguleringsplanar. Reguleringsplan for Storhamn Mongstad: næringsbygningar (industri, lager, kontor), hamn og hamneområde i sjø. Reguleringsplan for Deler av Mongstad industriområde: industri, grønstruktur, kommunalteknisk anlegg, kai og hamneområde i sjø. Reguleringsplan for Statoil Mongstad: hovudformål industri.

Formålet med planarbeidet er grøn omstilling på Mongstad gjennom å leggja til rette for etablering av energitunnelar og oppdrettsanlegg på land. Planarbeidet er eit ledd i ambisjonane for å sikre framtidig berekraft blant industrien på Mongstad, og vil konkret bidra gjennom etablering av framtidsretta energitunnelar som koplar saman dei største industriområda på Mongstad og etablering av oppdrettsanlegg på land med dei nyaste og beste grøne løysingane som finst i dag for oppdrett.

Planen skal konsekvensutgreiast. Planprogram for planarbeidet leggast no ut til høyring og offentleg ettersyn.

Merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg til:
Multiconsult Norge AS, Seksjon for areal og utredning v/ Christian Frønsdal, Nesttunbrekka 99,5221 Nesttun, eller e-post: christian.fronsdal@multiconsult.no