Varsel om oppstart av detaljregulering – Småland næringsområde

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-1 og 12-8 varslar Multiconsult AS med dette, at vi på vegne av Arnbjørn Vevle startar med detaljregulering for Småland næringsområde, Gnr. 2 Bnr. 1 m. fl. - Osterøy kommune

Planens formål

Detaljreguleringsarbeidet har som formål å følgje opp og konkretisere overordna arealdisponering og leggje til rette for utbygging av næringsarealet med tilhøyrande anlegg.

Saksgang

Etter at fristen for merknader til varsel om oppstart er gått ut, vil Multiconsult AS på vegne av Arnbjørn Vevle få utarbeidd eit detaljert planforslag. Når planforslaget seinare vert sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, vil det vere høve til å kome med merknader og innspel, før vidare politisk handsaming.

Frist for merknader og innspel

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet skal sendast skriftleg innan måndag 06.10.2014 til:
Multiconsult AS
Att. Kjetil Tepstad /ref. 614490
Nesttunbrekka 95,
5221 Bergen
eller via e-post: kjetil.tepstad@multiconsult.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune. Dette vert tatt i vare av konsulent. Alle mottatte dokument og merknadar vil bli sendt til Osterøy kommune saman med planforslaget. Tidligare innsendte merknader og innspel vil bli tatt med i planarbeidet.

Informasjon om planarbeidet er tilgjengeleg på www.multiconsult.no/aktuelt/ under kunngjøringar.

For nærmare informasjon kan spørsmål rettast til konsulent på telefon 91649103

Med helsing
for MULTICONSULT AS

 

Relaterte dokumenter: