Tiltakshavar er Radøy kommune og utførande konsulent er Multiconsult Norge AS.
Føremålet med planen er å blant anna leggja til rette for ny brannstasjon og utviding av gjenbruksstasjon. Planområdet er regulert i fleire tidlegare vedtekne planar. Trafikksituasjonen og løysingar for trafikkavvikling vil verta eit viktig tema i det vidare planarbeidet.
Planforslaget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing, då det ikkje vert tilført nytt næringsareal eller spesielle tiltak som krev KU.
For meir detaljar, sjå oppstartsbrev på Radøy kommune sine nettsider.
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle kommentarar/ merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult AS v/ Øyvind Skaar, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord eller e-post oyvind.skaar@multiconsult.no innan 10.07.2018.