Varsel om mindre reguleringsendring

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 og §12-14 vert det varsla om mindre reguleringsendring for Lofthus sentrum i Ullensvang kommune. Formålet med reguleringsendringa er endre reguleringsplankart og føresegner i samsvar med vedtak HST 69/2018, og å justere plankartet i samsvar med utfylte areal i sentrum. Plankart og føresegner vart kunngjort utan at dei vedtekne endringane var utført. Planområdet er Lofthus sentrum i Ullensvang kommune. Forslagsstillar er Ullensvang kommune og utførande plankonsulent er Multiconsult Norge AS.

Reguleringsendringa knyter seg i hovudsak til endring av plankartet i forhold til småbåthamna og justeringar av formålsgrenser i forhold til utfylt areal i sentrum. Småbåthamna på Lofthus treng ein ekstra bølgebrytar, for auka tryggleik for båtar i hamna, særleg ved sterk vind. Ullensvang kommune og Lofthus båtlag har i avtale sikra at båthamna skal ha ein avstand på minimum 50 meter til land.

Plankartet sine formål i sjø er endra for å sikre 50 meter ferdselsareal mellom småbåthamn og land. Innanfor ferdselssona er det i føresegnene opna for at det i ei sone innanfor 15 meter frå land kan plasserast private flytebryggjer til eksisterande eigedommar. Notat og illustrasjon samt plankart gjev nærare informasjon om reguleringsendringa.
 

Varslingsdokumenta kan lesast her på Multiconsult si nettside og på Ullensvang kommune si nettside.
 
Frist for uttale til planarbeidet er sett til 13. mars 2020.

Merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
Multiconsult:
v/Toril Amundsen
Nesttunbrekka 99
5221 Nesttun

Eller e-post: toril.amundsen@multiconsult.no

Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til:
Toril Amundsen, tlf. 55 62 33 75