Varsel om høyring og offentleg ettersyn av planprogram: Detaljregulering for Aldalen akvakulturområde (Planid: 20220300)

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 og § 12-11 vert det med dette varsla høyring og offentleg ettersyn av planprogram for Aldalen akvakulturområde, Lønningdal i Bjørnafjorden kommune. Forslagsstillar er Bolaks AS, og Multiconsult Norge AS er fagkyndig og utførande rådgjevar.

Utviding av arealføremålet akvakultur er ikkje i tråd med gjeldande kommuneplan og planarbeidet krev både planprogram og konsekvensutgreiing i høve Forskrift om konsekvensutredning.
Bjørnafjorden kommune valde i plansaka å dele opp oppstartsmelding og planprogrammet. Varsel om oppstart av detaljregulering vart difor sendt dykk i mai 2022, med frist for innspel sett til 17.06.2022. Merknader kome inn her vert teken med vidare i planarbeidet og treng ikkje sendast inn på nytt.

Forslag til planprogram har vore handsama i plan-, bygg og miljøutvalet 01.06.2022. Det vart gjort følgjande vedtak i saka:

Plan-, bygg-, og miljøutvalet legger planprogrammet datert 09.05.2022 på høyring på følgjande vilkår:

  • Det greiast ut om korleis gjeldande planar og lovverk er relevante for planarbeidet.
  • Det undersøkast og utgreiast om det finnast alternative lokasjoner for oppdrettsanlegget.
  • Utdjupe tema lysforureining.

Før endeleg slutthandsaming av planprogrammet skal ovanståande vilkår vera greia ut.

Vedtak frå plan-, bygg- og miljøutvalet ligg vedlagt.

Planområdet

Planområdet er 3869 daa stort, og omfattar eksisterande akvakulturanlegg i sjø i Aldalen i Lønningdal. Størrelse på areal er det same som vart varsla ved oppstart. Vidare vert planområdet avgrensa (korta inn) til faktisk behov gjennom planprosessen. Plangrensa er vist på vedlagt kart.

Melding om konsekvensutgreiing med planprogram

Program for utgreiinga er vist i vedlagt planprogram som vert sendt på høyring til naboar og grunneigarar, aktuelle regionale og statlege mynde, lag og organisasjonar. Høyringa vil òg verte annonsert på nettsidene til Bjørnafjorden kommune, samt i Os og Fusaposten.

Merknader til planprogram

Innspel til planprogram skal sendast skriftleg på e‐post til lindadjuvik.sonstabo@multiconsult.no, eller i brevform til:
Multiconsult Norge AS avd. Stord
Kunnskapshuset, Sæ 132
5417 Stord

Opplysningar og spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til Multiconsult Norge AS v/Linda Djuvik Sønstabø, telefon 91 12 69 77.

Frist for innspel/merknadar: 26.08.2022

For meir informasjon, sjå Bjørnafjorden kommune sin nettside.