Dette varselet gjeld to reguleringsplanar; 1. Skinnabrokleia vest for Kalvøya og Borgarøya i Bøfjorden i Herøy og Ulstein kommune, og 2. Svædet og Kyrkjefluda vest for Flø og Roppe i Ulstein kommune.
Reguleringsplanane er tenkt utført med heimel i pbl. § 3-7. Overføring av planførebuing til statleg eller regional myndigheit. Dette inneberer at Kystverket, i samråd med planmyndigheita, kan fremje forslag til arealplan og vedta å legge planane ut til offentleg ettersyn.
Massane frå utbetringa er planlagt lagt i deponi. Kystverket ønskjer å planlegge for sjødeponi samtidig som at moglege deponi på land vurderast. Det vert lagt opp til at planane kan behandlast våren/sommaren 2022, medan oppstart av arbeid med utdjuping er planlagt i 2024. Meir informasjon kan ein finne på multiconsult.no, kystverket.no og kommunane sine heimesider.
Offentlege mynde, interessentar, og grunneigarar, innan 500 m frå planområdet i sjøen, blir varsla direkte. Det blei i oppstartsmøte med kommunane avtalt at tiltak i begge planar skal konsekvensutgreiiast med tanke på naturmangfold.
Eventuelle kommentarar/ merknader til det igangsette planarbeidet sendast skriftleg til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde, e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no innan 29.10.2021.
Det vil haldast eit informasjonsmøte den 20. oktober kl 18-20 på den digitale plattforma Teams. Link til informasjonsmøte: https://tinyurl.com/OpeInformasjonsmote QR-kode i annonsa kan nyttast fo
r å delta. Spørsmål knytt til reguleringsarbeidet kan stillast til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde på e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no eller på tlf. 906 38 390