Areal for verneskog med nedslagsfelt frå NGI sin rapport er med i planområdet. I tillegg vil mindre tekniske endringar verta retta opp, spesielt i plankartet, lik at tiltaka i planen kan realiserast utan søknad om dispensasjon. Det vart gjennomført oppstartsmøte med Stad kommune 02.05.2022 og 20.05.2022.
Referat frå oppstartsmøte ligg vedlagt.
Planområdet
Plangrensa er sett slik ho er i gjeldande områdeplan, men utvida nokre tadar for å få med endringane. Etter varsel om oppstart vil plangrensa verte avgrensa gjennom planprosessen. På dette stadiet i prosessen er ikkje alle forhold avklara og det kan bli aktuelt med justeringar for å taka vare på like interesser ved endringane. Utviding av plangrensa er synt med skravur i forslag til plangrense (under). Plangrensa tek ikkje med seg eigedomane: Gnr./bnr.: 203/1, 5 og 6. For desse eigedomane vil områdereguleringsplan frå 2017 framleis vera gjeldande. Orsaka er nærare forklart i planinitiativ under punkt 5.1 planendring.
Føremålet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for næringsaktivitet ved sjøområde i Moldefjorden, større hamneareal og småbåthamn (Moldefjorden/Kjøde), moglegheit for tilrettelegging av spreidd bustadbygging (Kjøde), utbetring av vegkryss mellom kommunalveg (KV4500)og fylkesveg (FV 620), sikring av større område for verneskog, og mindre tekniske i plankartet. Utanom desse endringane vert gjeldande områdereguleringsplan vidareført slik den ligg føre. Endringa skal utarbeidast som ny detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova.
Oppstartsmeldinga av planarbeidet vert sendt på høyring til naboar og grunneigarar, aktuelle regionale og statlege mynde, lag og organisasjonar. Oppstarten vil òg verte annonsert på nettsidene til Stad kommune,
samt i Fjordabladet og Fjordenes Tidende.
Informasjonsmøte
Stad kommune og Kystverket inviterer til informasjons- og innspelsmøte om Stad skipstunnel og pågåande planprosessar for Moldefjorden og Kjøde. Stad kommune har nyleg vedteke kommunedelplan for sjøareal, der det er lagt til rette for utvikling av rigg- og næringsområde basert på steinmassar frå Stad skipstunnel. Med bakgrunn i kommunedelplan har kommunestyret i Stad kommune gjort vedtak om prioriterte områder
for bruk av steinmassar, som til dømes Lestovika – Eide, Kjøde og områda ved tunnelopningane. For sjøareal i kommunedelplan er det også gjeve høve for grunneigarar i Moldefjorden og Kjødepollen å oppføre mindre
sikringstiltak for vern av eksisterande naust og kaier, etter søknad.
Arbeid med reguleringsplanar for vedtekne områder i kommunedelplan tek no til, og vi ønskjer å informere om planprosessen og kva måte du har moglegheit til å påverke prosessen i vårt møte. Informasjonsmøtet vert halde torsdag 23. juni 2022
– Kjøde skule kl. 16-18
– Moldefjorden grendahus kl. 19-21
Det vert vist til utsendt skriv frå Stad kommune. Merknader til planoppstartsmelding. Innspel til oppstart av planarbeidet skal sendast skriftleg på e-post til lindadjuvik.sonstabo@multiconsult.no, eller i brevform til:
Multiconsult Norge AS avd. Stord, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord
Opplysningar og spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til
Multiconsult Norge AS v/Linda Djuvik, Sønstabø, telefon 91 12 69 77.
Frist for innspel/merknadar: 25.08.2022
For meir informasjon, sjå Stad kommune si nettside. Me ber om at kommunen som planmynde sender oppstartsvarsel internt til relevante kommunale instansar. Liste over offentlege mynde, interessegrupper og private grunneigarar som får varsel er vedlagt.