Forslagsstillar er Stord kommune. Utførande konsulent for planlegginga er Multiconsult Norge AS.
Føremålet med planen er å utvida omsorgssenteret og legga til rette for ytterlegare 64 plassar og eit produksjonskjøkken som skal betena heile kommunen. Trafikksikring og utforming av tilkomstveg vil vera sentralt i planarbeidet. Andre sentrale tema i planen er tilpassing til landskap og naboar, barn og unges interesser, samt grøne verdiar.
Planforslaget krev ikkje handsaming etter Forskrift om konsekvensutredninger.
Merknader og spørsmål til planarbeidet kan sendast skriftleg til:
Svein Andersland, ved e-post: svea@multiconsult.no, tlf. +47 91399524, innan 01 09 2023.
Relevante dokument er lagt til som vedlegg.