Utval for areal og eigedom handsama i sak 22/089 den 06.09.2022 varsel om oppstart av detaljregulering for næringsområde på Lesto inkl. utdjuping og mudring av Saltasundet, samt høyring og offentleg ettersyn av planprogram.
UAE- 22/089 Vedtak:
Med heimel i Plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for
næringsområde på Lesto inkl. utdjuping og mudring av Saltasundet. Planprogram vert lagt ut på
høyring og offentleg ettersyn i medhald av Plan- og bygningslova § 12-9.
Dei ulike planprosessane knytt til Stad skipstunnel og bruk av overskotsmasse har svært knappe
framdriftsplanar.
Den 06.09.2022 gjennomførte Kystverket og Multiconsult møte med Vestland fylkeskommune om
bruk av FV 618 til transport av steinmassar.
Den 07.09.2022 la Stad kommune fram reguleringsplan for Lesto inkl.utdjuping og mudring av
Saltasundet for regionalt planforum i Vestland.
Med bakgrunn i desse to møta er det vår vurdering at planområdet for Lesto næringsområde og
Saltasundet bør utvidast langs FV. 618 slik at planområdet heng saman med planområdet for
detaljregulering av Stad skipstunnel. Kystverket sikrar eit godt kunnskapsgrunnlag ved å utgreie
konsekvensar av massetransport og foreslå avbøtande tiltak som kan heimast i planføresegnene.
Vidare planprosess:
Dette brevet vert sendt ut til berørte grunneigarar og grunneigarar som grensar til planområde, samt
sektorstyresmakter og frivillige lag og oranisasjonar. Brevet har følgjande vedlegg:
• Varslingsbrev datert 08.09.2022, Multiconsult
• Notat om utviding av planområdet ved varsel om oppstart, Multiconsult
• Kart med ny planavgrensing datert 07.09.2022
• Forslag til planprogram for detaljregulering for Lesto, inkl. utdjuping og mudring av Saltasundet
Det er høve til å kome med innspel til planarbeidet. Høyringsfrist 23.10.2022.
Merknader til forslag til planprogram og/eller innspel til planarbeidet sendast skriftleg via skjema på Stad kommune si heimeside eller påe-post til post@stad.kommune.no eller i brevform til Stad
kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Merk innspelet 22/4081.
Kystverket og Stad kommune inviterar til Informasjonsmøte onsdag 28. september 2022 kl 18.00 på Moldestad grendahus.
Spørsmål til reguleringsplanarbeidet kan rettast til Multiconsult v/Solveig Renslo på e-post Solveig.Renslo@multiconsult.no eller på tlf. +47 90 167 167.