Kystverket er forslagsstillar og Multiconsult er plankonsulent. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å utdjupe grunner langs farleia slik at båtar kan ferdast med større sikkerheit. Planarbeida er ein del av fleire nødvendige detaljreguleringar langs farleia, frå Røyrasundet i sør til Ålesund i nord.
Reguleringsplanane er tenkt utført med heimel i pbl. § 3-7. Overføring av planførebuing til statleg eller regional myndigheit. Dette inneberer at Kystverket, i samråd med planmyndigheita, kan fremje forslag til arealplan og vedta å legge planane ut til offentleg ettersyn. Massane frå utbetringa er planlagt lagt i deponi. Kystverket ønskjer å planlegge for sjødeponi samtidig som at moglege deponi på land vurderast.
Det vert lagt opp til at planane kan behandlast våren/sommaren 2022, medan oppstart av arbeid med utdjuping er planlagt i 2024. Meir informasjon kan ein finne på multiconsult.no, kystverket.no og kommunane sine heimesider. Her finn ein også link til informasjonsmøte.
Offentlege mynde, interessentar, og grunneigarar, innan 500 m frå planområdet i sjøen, blir varsla direkte. Tiltaka i planen fell ikkje inn i krav for konsekvensutgreiing.
Eventuelle kommentarar/ merknader til det igangsette planarbeidet sendast skriftleg til:
Multiconsult v/Sevrin Gjerde, e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no innan 16.11.2021. Det vil haldast eit informasjonsmøte den 20. oktober kl 18-20 på den digitale plattforma Teams.
Link til informasjonsmøte: https://tinyurl.com/OpeInformasjonsmote
QR-kode i annonsa kan nyttast for å delta. Spørsmål knytt til reguleringsarbeidet kan stillast til: Multiconsult v/Sevrin Gjerde på e-post sevrin.gjerde@multiconsult.no eller på tlf. 906 38 390