Steinar Kjerpeseth
Seksjonsleder
tlf: 99243790
Me søkjer fleire rådgjevande ingeniørar innan VVS - erfarne eller nyutdanna
Multiconsult Norge AS avdeling Stord er i vekst, og me ønskjer å styrke vår kompetanse innan VVS-teknisk prosjektering. Me ser difor etter ein rådgjevande ingeniør innan VVS - Inneklima, energi og miljø. Det er ein fordel om du er etablert i Sunnhordland og vi oppmodar nyutdanna ingeniørar til å søke.
Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldrive kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til prosjektgjennomføring. Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarar i bransjen, både blant studentar og erfarne. Er du nysgjerrig på kvifor?
ARBEIDSKVARDAGEN I EI AV DEI MEST ATTRAKTIVE RÅDGJEVARVERKSEMDENE I NOREG
I rolla som VVS ingeniør vil du kunne ta del i store, komplekse og tverrfaglege prosjekt innan bygg og anlegg, industri og landbasert akvakultur. I våre prosjekt får du høve til å rådgje kunden innan smarte og berekraftige løysingar.
Hos oss vil du få vere med og vidareutvikle vårt VVS miljø. Vidare ønskjer me å leggje til rette for at du får ein arbeidskvardag med utviklande og interessante arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling. I Multiconsult har me eit utstrakt fagleg samarbeid på tvers av kontora våre for å gjere nytte av dei beste tilgjengelege løysningane til ei kvar tid.
Hovudsakleg vil dine arbeidsoppgåver vere knytt til prosjektering og rådgjeving for våre offentlege og private kundar. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
KVA ØNSKJER ME AV DEG
BLI EIN DEL AV MOGLEGGJERINGSKULTUREN I MULTICONSULT
Mogleggjeringskulturen i Multiconsult handlar om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing. Kanskje er det akkurat deg me treng på laget?
Er du ein person med gode samarbeidseigenskapar som likar å jobbe i tverrfagleg team? Har du eit brennande fagleg engasjement, samt interesse og forståing for andre involverte fagområde? Da kan det vere akkurat deg me leiter etter.
KVA MEIR KAN ME TILBY DEG?
LITT MEIR OM OSS
Multiconsult avdeling Stord er det største rådgjevarmiljøet mellom Bergen og Stavanger. Me tilbyr rådgjevartenester til privat og offentleg sektor, med hovudtyngde innan industri og bygg- og eigedom.
Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, me handsamar søknader fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!
For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar Bygg og Industri, tlf. 99 24 37 90.